Sognafjell.com  
Home Været Album Guestbook About me

 

Ettersøkshund

ronja2

Krav :

For å bli godkjent som ettersøkshund må hunden og førar gjennom 2 prøvar,den 1.er viltsporprøven (blodspor) som er 600m langt og lagt med 0,3liter blod jevnt fordelt over heile sporet,(avstand mellom blodstempla er ca vanlig skrittavstand på 0,5-1 meter og er lagt ut med sporstav ,dette er eit røyr som kan fyllast blod i og har ein svamp i den enden som skal stemple sporet) ,sporstart og sporslutt skal markerast med oppspark og ekstra blod.

Sporet legges i terreng med normal vilttetthet det må ha 4 vinklar som bryt med fluktretningen.

To steder i sporet må være uten blod i 10 meter, minst eitt må være i samband med ein vinkel.Ein plass i sporet må det markerast eit sårleie med ekstra oppspark og meir blod.

I enden av sporet må det leggast ein del av eit hjortevilt(fot eller hudbit) og denne må få litt ekstra blod.

Sporet må være laga dagen før prøve og er då normalt 12-24 timar gamalt ved prøvestart.

Start på sporet skal være tydelig merka dei fyrste 25 meterane.Hunden skal førast i ei line på minst 5 meter.

Det er ekvipasje(hund og førar som sammen godkjennast)

Viktigt- sporet kan ikkje leggast på snø/frosen mark.

Dommer vurderer følgende:

  • heilhetsinntrykket
  • vilje til å ta an sporet
  • vilje og evne til å følge sporet
  • tempo og arbeidsmåte
  • vilje og evne til å arbeide på tap
  • evne og vilje til å samarbeide med fører på ein slik måte at det blir ein effektiv ekvipasje

Hunden skal vise at den er villig til å følge sporet og på ein overbevisande måte følge det.Den skal spore i eit tempo som er akseptabelt for ein "medfølgande skytter".Ved tap skal den klart vise det og ta seg inn att.

Ser fører at hunden har tap,kan han hjelpe hunden ved å ta den med tilbake eit stykke og sette han inn att på sporet.Hunden skal tydelig markere sporslutt.

Diskvalifiserande feil er:

  • manglande evne til å ta an og følge sporet
  • hissig og/eller vimsete arbeid
  • halsing,høylytt piping eller støyende framferd av hund og/eller fører
  • manglende evne til å utrede tap
  • uakseptabelt høyt tempo
  • hund som fører ikkje har kontroll over
  • førerens manglende forståelse for hundens arbeid

Prøven avbrytes straks diskvalifiserande feil er konstantert

Alle skal under prøven følge gjeldene regler og bestemmelser og opptre i overenstemmelse med skikk og bruk.

  • Hardhendt avstraffelse av hund er forbudt.
  • Bruk av pigghalsbånd er forbudt.
  • Deltagere skal rette seg etter anvisning fra dommere.
  • Dommeren må ikkje klandrast for sine avgjørelser.

NB! EIN BØR IKKJE TRENE HUNDEN PÅ FERSKE KLOV-VILTSPOR FØR EIN HAR BESTÅTT BLODSPORPRØVEN.

Ettersøkshund del 2

Viltsporprøven må være bestått før ein kan gå vidare til 2.prøve som er ein fersksporprøve der hunden må kunne spore minst 1/2 time samanhengande spor etter klovvilt.

  • Spora skal være minst 1 time gamle når sporing starter.
  • Sporingen skal gjennomførast på barmark.
  • Hunden skal også her førast i minst 5 meter lang line.

Dommer vurderer følgende:

  • helhetsinntrykket
  • vilje til å ta an sporet
  • vilje og evne til å følge sporet
  • tempo og arbeidsmåte
  • vilje og evne til å arbeide på tap
  • evne og vilje til å samarbeide med fører på ein slik måte at det blir en effektiv ekvipasje
  • ikkje vise så stor interesse for annet vilt og tamdyr at den går av sporet
  • Hunden skal villig ta an sporet og på ein overbevisande måte følge det.
  • Den skal spore i eit tempo som er akseptabelt for ein "med følgende skytter".
  • Ved tap skal hunden markere det og utrede dette.
  • Ser fører at hunden forfølger eit ferskare spor, kan han hjelpe hunden inn på sporet igjen.
  • Sporingen skal under en hver omstendighet fortsette på det opprinnelige dyr.

Diskvalifiserande feil er:

  • manglende evne til å ta an,og følge sporet
  • hissig og/eller vimsete arbeid
  • halsing,høylytt piping eller støyende framferd av hund og/eller fører
  • manglende evne til å utrede tap
  • uakseptabelt høyt tempo
  • hund som fører ikkje har kontroll over
  • førerens manglende forståelse av hundens arbeid

VIKTIGT!!!!

Før du stiller på prøve med hunden må den være ID-merka, registrert og vaksinert mot kvalpesjuke,er det fyrste gong hunden får vaksinasjon må det være gått minst 2 veker før du stiller på prøve.Er hunden vaksinert tidlegare må attesten ikkje være eldre enn 2 år.Hunden må ikkje ha løpetid eller være sjuk eller aggresiv.

ID-merking får ein utført av dyrlege.

Det er to metoder å id-merke hund ,tatoering i øyre eller id-brikke som stikkes inn under nakkeskinnet (denne er nå mest vanlig og ein må ha eit instrument for å lese av id-nr)

Hunden bør ikkje reagere på sau eller andre husdyr.

Hugs at ein ikkje må gje opp om ein ikkje klarer å få bestått

prøven første gang,men sats friskt og tren meire så lukkast det nok.

BLODSPOR.

Ein bør starte med eit par timar gamalt blodspor når ein begynner treningen,viser hunden interesse for sporet og klarer å følge det kan ein gå gradvis opp på tiden.

Max 70-100 meter.

Det er ein fordel å slepe ein viltdel i sporet til å begynne med,når hunden har fått forståing av kva dette går ut på kan ein gradvis slutte å slepe i sporet og til slutt kutte heilt ut dette.

Ved sporstart bør ein sette på sporsele og gi hunden kommando"søk spoor",dette fordi at hunden skal forstå samenhengen med sporsele og sporsøk.

Når dette går opp for hunden vil denne kommandoen være like grei å oppfatte som "sitt".

Lat hunden få belønning med ein godbit ved sporslutt slik at han får ei positiv oppleving ved å finne sporslutt.

Om hunden mister sporet undervegs,så hjelp han inn på att,lat han alltid finne enden av sporet.

Tren ikkje for ofte,lat det gå 4-5 dagar mellom kvar gong,ellers kan du oppleve at hunden går lei.

Det skader ikkje med mykje ros undervegs i sporet.

HUGS AT EIN HUND KAN OGSÅ HA SINE DÅRLIGE DAGAR SLIK SOM OSS.

KULDE OG RIMLAG GIR LITE VITRING FOR HUNDEN,KNUSK TURR MARK DET SAMME.

KRAFTIG VIND ER UGUNSTIGT.

VED SIDEVIND ER DET NORMALT AT HUNDEN KAN GÅ MANGE METER VED SIDEN AV SPORET.

FUKTIG BAKKE SOM ER OPPVARMA AV SOL GIR GODE VITRINGSFORHOLD.



HJORT SOM ER PÅSKOTEN

BOGSKOT:

Tett opp mot ryggsøylen(funn på skotplass).Dyret kan ofte ha ein fluktdistanse frå nokre meter til ca 100m,men av og til kan dyret ha ein lengre fluktdistanse . Det kan bli fleire hundre meter og dyret kan leve i fleire timer. Vær merksam på at dersom bare den eine lunga er skadd ,kan det bety eit vanskelig ettersøk.Skuddtegn er ein hurtig flukt med låg føring av hovudet. ANBEFALT VENTETID 3 TIMAR.

BEINSKOT:

Underarmbein/mellomfotsbein får dyret til å "knekke " over til den eine sida der beinet er avskote og det flykter med det same.

Sitter skotet høgt i frambeinet gir det ein hurtig flukt som ved bogskot,men med normal føring av hovudet.

Ved skot i bakbein knekker dyret saman i bakkroppen like etter skotet og flykter deretter i stor fart.

Eit streifskot ved kneskål fører til at dyret trekker beinet opp under kroppen for å beskytte det.

AVLIVING SNAREST MED POSTERING OG HUNDESLEPP (stålos)

DRIVJAKT:

Eit dyr som vert påskote under drivjakt og skotet ikkje er dødeleg,eller det er eit mageskot ,vil fluktdistansen ikkje skjeldan verte fleire kilometer ,ofte med svært lite blod.

Eit dyr som vert skremd i første sårleie og ikkje blir avliva har minst like lang fluktdistanse og vender ikkje skjelden tilbake i nærleiken av første påskotplass. VENTETID CA 2-3 TIMAR.

ETTERSØKSTEKNIKK:

Lær hunden din å søke bak føraren ved tap av sporet .Det er her den har størst mogeleghet for å finne igjen sporet .Ettersøk er å kombinere hunden sin nese og føraren sin hjerne.

På verkeleg jakt skjønner ikkje dyret kor det vart skote frå hvis det ikkje såg skyttaren.På smygjakt går dyret lettare i sårleie.Det er derfor det er så viktig at skyttaren opptrer roleg etter skotet.Dyret kan stoppe opp for så å snu og gå tilbake.

VOMSKOT: Ved vomskot går dyret hurtig i sårleie.

VENTETID 1-3 TIMAR.

HØGT I RYGGEN:

Ved skot høgt oppe i ryggen er dyret vanskeleg å finne.

Ved denne type skot bør ettersøket starte så raskt som mogeleg.

START ETTERSØKET SNAREST MOGELEG.

SKOT I HOVUDET:

Blir dyret truffet i hovudet kan det begynne å oppføre seg unormalt.Det kan t.d. berre vandre rett fram i det uendelege.

SKOT I BEIN:

Det at eit dyr er truffet i eit bein,betyr ikkje det same som at det oppfører seg likt i alle tilfeller. Det kan gjerne hoppe over høge gjerder o.l.

Alle ettersøk er ulike og det er viktig at førar stolar på hunden sin.

Det er viktig for ein ettersøksring å ha ein hund som kan stille dyret ,i tilfelle det er eit avskote bein eller eit vomskot.

Ein bør lære hunden forskjellen mellom friske og skadde dyr.

Det er viktig å trene regelmessig på kunstig utlagde spor med sporleggersko.

På denne måten trener ein inn ein sporsikker hund og lærer seg til å stole på hunden.Er føraren usikker på sin hund vil dette kunne "smitte" over på hunden og den sporer dårligere.

SKOT I UNDERKJEVE:

Dyret flykter uten synlege tegn på at det er truffet. ETTERSØK SÅ RASKT SOM MOGELEG.

LEVERSKOT:

Høgt leverskot gir lite skottegn.Dyret flykter litt kortare og langsomt.

Lågt leverskot er nesten å sjå på flukten som eit bogskot.

1-3TIMAR VENTING FØR SØK.

MAGESKOT:

Dyret viser mindre skottegn enn ved leverskot og flukten kan vere vanskeleg å skjelne frå eit friskt dyr.

1-3TIMAR VENTING FØR SØK.

TARMSKOT:

Ved skot i tarmane vil dyret slå opp med bakbeina og flykte noko meir langsomt og ein kan sjå at dyret har noko krumma rygg.

1-3TIMAR VENTING FØR SØK.

NYRESKOT:

Ved nyreskot "brekker " dyret ofte saman idet skotet treffer (skot tett på ryggsøyla),men kjem seg ofte opp igjen og flykter med utstrakt,sitrane hale.

1-3TIMAR VENTING FØR SØK.

DYR SIN ÅTFERD ETTER AT DET ER PÅSKOTEN:

Dyr som er påskote under smygjakt vil legge seg i den næraste "tykning",

dersom jegeren oppfører seg riktig etter skotet.

Dyr som er påskote om kvelden kan ofte finne på å forlate den første tykning(sårleie) i mørket for først seinare å legge seg igjen.

Dyr påskote om morgonen blir ofte i den første "tykningen" hvis dei får ro.

Tips :

HUGS SÅRA HJORT SPRIKAR MED KLAUVANE .

I MANGE HØVE ER DET OMTRENT IKKJE BLOD I SPORET.

DET AT SÅRA DYR KUN GÅR UNNABAKKE ER IKKJE TILFELLE VED ALLE ETTERSØK.


Hundeføraren bør gjere dette :
  • Spør skyttaren kva skjedde.
  • Kvar stod skyttar
  • Kvar stod dyret som blei påskote.
  • Har nokon trakka unødigt i sporet.
  • Fluktretning.
  • Kva for dyr er påskote.
  • Kjønn.
  • Farge
  • Skottegn på dyret.
  • Farge på blod
  • Hår
  • Beinsplintar

Avtal på forhånd om det skal posterast ut skytterar og planlegg kva som bør gjerast først.

Hugs hundeførar skal opptre på ein roleg måte og avbalansert måte.

Utstyr som bør være obligatorisk ved ettersøk.

  • Godkjent ettersøkshund
  • Utstyrt med sele eller bredt bånd og lang line
  • NB! Hunden bør også være trenet og i god fysisk form
  • Føraren bør ha klær som er lydløse og vann/vindtette og holder kulden ute
  • Våpen og kniv er ein selvfølge
  • Kikkert anbefales
  • I sekken bør det være:
  • Merkeutstyr (dopapir)
  • Lupe
  • Mat og drikke ,(et ettersøk kan ta lang tid)
  • Kompass og kart over området , (GPS) er også å anbefale
  • Lommelykt med reservebatterier må ligge i sekken
  • Chifonet tørkeduk (brukes vanligvis på kjøkken,god sugeevne)eller svamp
  • Jervenduk anbefales (fin å sitte i under matpause i dårligt vær)
  • Walkie-Talkie / Jaktradio /Sikringsradio/mobiltelefon

Alle kan vere uheldig å skadeskyte,men berre dei som viser ansvar varsler ettersøksringen.

Ventetiden som er opplyst her er å anbefale ,men ofte vanskeleg å halde når mørket nærmer seg for rask.

Lukke til med ettersøket.

 

 

 
NB! Det er kun ansvarlige jegerer som ringer etter ettersøkshund når de er uheldige.

 


Blodspor

Dommer vurderer

Diskvailfiserende

Viltspor

Viktigt

 
 
 

Copyright 2010-2017 ETrulssen. All Rights Reserved.